top of page

Tysnes Musikklag

  • Something Old (Trad., arr. Øyvind Raknes Nikolaisen)

  • In the Stone (Earth, Wind & Fire, arr. Gilbert Tinner)

  • Under the boardwalk (Young & Resnick, arr. Philip Harper) Solist: Catrine Sandsøy Moss (flygelhorn)

  • Just a Gigolo (arr. Jan Magne Olsen)

Lørdag
15.10

Omtale

Tysnes Musikklag vart stifta i 1953 og har vore brassband heilt frå starten av. Dirigenten under Oslo Brassfestival, Yngve Nikolaisen har vore fast dirigent for korpset sidan 1986. Yngve har stått for kontinuitet og vore med på å byggja opp ein solid grunnstamme i korpset.

 

Tysnes Musikklag tok til med konkurransespeling når Yngve overtok i 1986. Sidan har korpset delteke i NM heile 30 gonger. Resultatet har variert opp gjennom åra. Dei beste plasseringane er frå 2000 og 2016 då korpset vart vinnar i 3. divisjon og frå 2005 då Tysnes Musikklag fekk tredjeplass i 2. divisjon. Korpset har og vore med i konkurransen Siddis Brass 20 gonger, der dei har vunne 3. divisjon tre gonger og elles komen heim med gode resultat frå 2. divisjon.

 

Forrutan å delta i ulike konkurransar arrangerer Tysnes Musikklag kvart år fleire lokale konsertar og tilstellingar, som trekker fulle hus. Korpset har gode øvingstilhøve i eige øvingslokale i tilknyting til Tysneshallen.

bottom of page