Trondheim Brassband
Dirigent:
Espen Andersen
Korpsomtale:
Trondheim Brassband (TBB) ble stiftet 17.02.1976 og het da Trondheim Politis Brassband. 1.januar 2021 endret korpset navn til Trondheim Brassband. Korpset har et godt musikalsk og sosialt miljø, og for å ha god musikalsk utvikling gjennom året arrangerer vi noen store og flere små konserter. Her samarbeider vi med andre artister og musikkuttrykk, så som korps, soloinstrumentalister, kor og sangsolister. I tillegg gjennomfører vi seminarer for skolekorps, deltar i lokale konkurranser og i NM for Brassband hvert år. Vi er også et marsjkorps på våren og på 17.mai. Vi har stabil medlemsmasse, og vår dirigent er Espen Andersen.
Program fredag:
Tittel: Cantus Lacrimosus og Paradisi Gloria frå Suite from Stabat Mater
Komponist: Karl Jenkins
Arrangør: Andrew Wainwright og Robert Childs
Programomtale: Stabat Mater er originalt eit romersk-katolsk dikt som har blitt melodisatt av fleire kjente komponistar. Diktet skildrar Marias liding under Jesu korsfesting. Musikken Trondheim Brassband skal spele i dag er komponert av Karl Jenkins og tilpassa for brassband av Andrew Wainwright og Robert Childs. Dei to satsane Cantus Lacrimosus og Paradisi Gloria er dei to siste satsane frå Suite from Stabat Mater. Cantus Lacrimosus byrjar med ein kvartett for kornett, flygelhorn, althorn og eufonium. Deretter kjem gradvis heile korpset inn og presenterar ein fusjon av rytmisk komp til ein mektig koral.
Paradisi Gloria byrjar med eit intenst og rytmisk riff som repeterast gjennom første del av satsen. Det bygger seg gradvis oppover i intensitet og dynamikk og me kan høyre innslag av halleluja-kor. Andre del av satsen har mykje energi og sluttar i eit positivt uttrykk.
Program lørdag:
Tittel: Killing me softly
Komponist: Charles Fox
Arrangør: Youngblood Brass Band/Røed/Austnes
Solistar:
Per Arne og Maria på flygelhorn
Harald og Torkjel på euphonium
Preben på Bb-tuba/sousafon
Astrid på baryton
Tom Andre på althorn
Tittel: Gangsta's paradise/Friends and strangers/Brooklyd/Finale
Komponist: S. Wonder, L.V, Coolio/W. Jeffrey/N. McIntosh/N. McIntosh
Arrangør: Røed/Austnes
Solistar:
Preben på Bb-tuba/sousafon
Maria på trompet/flygelhorn
Even på trommesett
Marius på tenortrombone
Programomtale: Youngblood Brass Band er ei gruppe på 10 musikere som speler feststemt musikk i mange sjangre. I diskografien deira har dei både arrangement på kjente poplåter og eigenkomponert musikk.
Trondheim Brassband skal spele eit utvalg låter i kveld: Killing me softly, Gangsta's Paradise, Friends and Strangers, Brooklyn og Round one. Musikken var originalt arrangert til brassband for Manger Musikklag til Siddis i 2007 av Røed og Austnes. I Killing me Softly får fleire av musikantane våre vist seg fram: Per Arne, Maria, Harald og Torkjel byrjer med ein flygelhorn-kvartett; Preben har både soloar og features på Bb-tuba/Sousafon, Astrid visar fram både klangen og teknikken sin på baryton, Tom Andre visar sin silkemyke klang horn og Per Arne briljerar med nydelig flygelhornspel.
Resten av låtane er satt saman i eit medley som kan karakteriserast av lange oppbyggingar og råe klimaks. Gangsta's paradise groover frå første tone, og har tre oppbyggingar til tre klimaks med økande intensitet for kvar oppbygging. Preben på Bb-tuba og Maria på trompet/flygelhorn står for Friends and Strangers i ein groovy og bakoverlent duett og vår eminente slagverkar Even får sin tid i rampelyset med ein solo på trommesett. Den rytmiske og energifulle Brooklyn gjer det vanskeleg å stoppe dansefoten. Etter introen får Marius sin tid i rampelyset med sin solo på trombone. Medleyet og konserten avsluttar med den energifulle Round One som ein eksplosiv avslutning på ein groovy konsert.
Nyt showet!