Rong Brass
Dirigent:
Erik Janssen
Korpsomtale:
Rong Brass frå Øygarden utanfor Bergen vart skipa i 1989 av ein vennegjeng, der 2 av dei fortsett speler aktivt i bandet. Me har ein stabil besetning med medlemmar frå kommunar i Vestland og Rogaland. Me får solid støtte frå næringslivet i området, mykje takka vår kjære formann Arvid Rong, som i år vann frivilligheits-prisen i Øygarden. Rong Brass har eit høgt aktivitetsnivå der me fokuserer på speleglede, musikalsk kvalitet og eit godt sosialt miljø.
Program fredag:
Through the Flames Paul Lovatt-Cooper
Rong Brass åpnar ballet med Through the Flames som blei skrevet til Professor Nicholas Childs og Black Dyke Band i 2018. Her får du høyre solistinnslag frå Horn- og Euphgruppa vår.
Solistar Kine Oen, Linda Oen, Øyvind Skjævestad og Karen Rønneberg
A little Prayer Evelyn Glennie, arr: Bob Childs
A little prayer blei orginalt skrevet som ein Marimbasolo, og i starten av Rong Brass si utgåve av dette arrangementet får du høyre vår eminente perkusjonist – Kjartan Fjordheim - gjere sin versjon av denne.
Solist: Kjartan Fjordheim - Marimba
Deborah’s Theme Ennio Morricone, arr: Tom Grevenbroek
Ennio Morricone skreiv dette vakre stykket til den kjente filmen «Once Upon A Time in America». I dette utrykksfulle arrangementet får de høyre ein duett av søstrene Kine og Linda Oen.
Solistar: Kine Oen og Linda Oen
Finale from Faust Charles Gounod, arr: Roy Newsome
Rong Brass avslutter sitt program med raske løpenotar frå operaens verd.
Program lørdag:
Opening night in Las Vegas Reid Gilje
Rong Brass åpnar laurdagens program med det showspekka «Opening night in Las Vegas». Stykket blei originalt skrevet til Eikanger-Bjørsvik Musikklag i samband med deltaking i Siddis Brass 2019. Her får du høyre fleire av gruppene våre få s(c)enebetennelse før stykket er over.
Balkan Dance Etienne Crausaz
Neste stykke ut er Etienne Crausaz’s Balcan Dance. Stykket er ein opp-rocka folkedans-inspirert fest og skildrer sterke rytmer og rike musikalske klimaks fra Balkan regionen. Her håpar me publikum kan hjelpe oss å sette an party-mood og heiar fram solistane våre som har blitt tvunget til å spille notelause.
Under the Boardwalk Young & Resnick, arr: Philip harper.
Slapp av og og sving på hoftene og bli henført medan du høyrer på vårt neste stykke. Vår flygelhornist framfører bakoverlente toner arrangert av Philip Harper – stødig støtta av ein tubagut.
Solist: Kine Oen og Espen Kolås, Sebastian Soltveit og Kristian Eliassen.
Turris Fortissima Steven Ponsford
Rong Brass takker for oss med eit ekte cheezy frelsesarmèstykke av den relativt ukjente Steven Ponsford. Eller - det kan godt hende han er kjent – kva veit me. God musikk lager han i allefall. Me takkar for oss! Sjåast i baren! Hashtag: Skyisthelimit Hashtag: Blowandbelieve. Hashtag: Kine-i-monitor